Årvoll gård

gardstun i Oslo

59°56′45.971″N 10°48′53.881″E / 59.94610306°N 10.81496694°E / 59.94610306; 10.81496694 Årvoll gård er eit gardsanlegg som ligg i Oslo kommune, om lag 15 minutt køyreavstand frå Oslo sentrum. Anlegget har våningshus, hovudbygning, drengestue, stabbur og låve med tilbygg. Dagens bygningar er oppførte i 1836, men sjølve garden er eldre enn det. Skriftlege kjelder viser at han fanst allereie i 1396.[1]

I mellomalderen låg garden delvis under Oslo Domkapitel. Kongen tok over garden etter reformasjonen i 1537. Garden skifta eigarar fleire gonger fram til i dag. Mellom anna vart han seld i 1662 til borgarmeister Nils Lauritssøn. Etter at han døydde i 1665 arva stedotter hans, Maren Jensdatter Roll, garden.[2] Ingen av husa frå den tida finst lenger. Det eldste huset på Årvoll gård i dag er hovudbygningen frå 1836.

Årvoll gård ligg høgt og fritt med utsyn over Oslo. Garden er i dag eigd av Oslo kommune og blir brukt som ein kulturell og sosial treffstad for innbyggarane i bydelen. Garden blir brukt av frivillige foreiningar, kunsthandtverkarar, husflidslag og kulturkveldar med revy og konsertar.

Den 1. desember 2012 vart Årvoll gård tildelt Olavsrosa av interesseorganisasjonen Norsk Kulturarv.[3]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre