Åsa Natacha Linderborg (fødd 20. mai 1968 i Västerås som Andersson) er ein svensk historikar, forfattar, kulturskribent og kulturredaktør.

Åsa Linderborg

FøddÅsa Natacha Andersson
20. mai 1968
Västerås
NasjonalitetSverige
Yrkehistorikar, skribent, journalist
Alma materUppsala universitet

Biografi endre

Linderborg er oppvaksen i Västerås som dotter av metallarbeid Leif Boris Andersson og Tanja Linderborg. Mora var riksdagsrepresentant for Vänsterpartiet gjennom fleire periodar. Då Åsa var fire år gammal, i 1972, vart ho overlaten til faren sin.

Ho vart med i Vänsterpartiet Kommunisterna som tolvåring i 1980 og året etterpå i Kommunistisk Ungdom. I 1987 vart ho ombodsmann for Kommunistisk Ungdom i Mälardalen. Linderborg har i det siste òg hatt lokale tillitsoppdrag for Vänsterpartiet i Uppsala kommune.

Linderborg tok filosofisk doktorgradeksamen ved historisk institutt ved Uppsala universitet i 2001 med avhandlinga: Socialdemokraterna skriver historia: Historieskrivning som ideologisk maktressurs, om dei svenske sosialdemokratane si historieskrivning.

Linderborg var ein sterk kritikar av invasjonen av Irak i 2003 og av at av koalisjonsstyrkane vart ståande i landet. Ho har halde fram med å uttrykkja støtte for dei irakiske opprørarane, som ho vurderer som ei legal motstandsrørsle.

10. juli 2007 var ho sommarpratar i Sveriges Radio P1.

I 2007 kom Linderborgs første skjønnlitterære bok, ei sjølvbiografisk barndomsskildring, ut: Mig äger ingen (Norsk tittel: Meg eier ingen). Boka, som krinsar rundt oppveksten til Lindeborg i Västerås med ein alkoholisert far, fekk stor merksemd og vart nominert til Augustpriset. Det förste året selde boka i 270.000 eksemplar, og ho vart filmatisert i 2013.[1]

Linderborg vart i 2009 kulturredaktør i avisa Aftonbladet.

I 2020 gav Linderborg ut boka Året med 13 månader. En dagbok, som er ei dagbok der ho både skriv om privatlivet sitt og reflekterer over #metoo-bølgja, som ho vurderte frå posisjonen sin som kulturredaktør i Aftonbladet. Ho uttrykkjer kritikk mot #metoo-rørsla, som ho meiner var prega av eit flokkinstinkt der presseetikk og redaksjonell leiing forsvann.[2]

Linderborg er med i radioprogrammet Norsken, svensken og dansken, som vert sendt i Noreg, Sverige og Danmark.[3]

Prisar og utmerkingar endre

  • Hedenvind-plaketten 2009
  • Ivar Lo-Johanssons personliga pris 2008
  • Neshornet, Klassekampens kulturpris 2008
  • Lundequistska bokhandelns litteraturpris 2007 for Mig äger ingen
  • BMF-plaketten 2007
  • ABF:s litteraturpris 2007

Bibliografi endre

Svenske utgjevingar
Norske utgåver

Referansar endre

  1. «Mig äger ingen». imdb.com. Henta 14. januar 2014. 
  2. «Ubarmhjertig fra innsiden av en mediekrise - Bokanmeldelse: Åsa Linderborg: «Året med 13 måneder. En dagbok»». 21. august 2020. Henta 13. februar 2021. 
  3. Framnes, Andreas (2. mars 2020). «Skandinavisk samarbeid: Premiere på Norsken, svensken og dansken i NRK P2» (på norsk bokmål). Henta 13. februar 2021.