Åse Hiorth Lervik

Åse Hiorth Lervik (fødd 2. juni 1933 i Oslo, daud 3. november 1997) var ein norsk litteraturvitar og professor ved Universitetet i Tromsø.

Åse Hiorth Lervik
Fødd2. juni 1933
Oslo
Død3. november 1997
NasjonalitetNoreg
Yrkelitteraturvitar, litteraturhistorikar
InstitusjonarUniversitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet
MedlemNorsk Kvinnesaksforening

Ho vart cand.philol. 1961 og dr.philos. i 1971 på ei avhandling om Ibsens versekunst i Brand.[1] I 1972 vart ho professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Tromsø. Ho utgav bøker om kvinnelege forfattarar og skildring av kvinner i norsk litteratur. Ho var redaktør for tidsskriftet Edda og for Nordisk tidsskrift for litteraturforsking frå 1972 til 1985, første året saman med Edvard Beyer.

Universitetet i Tromsø har sidan 1996 delt ut ein årleg pris oppkalla etter Åse Hiorth Lervik for beste masteroppgåve med kvinne- og kjønnsperspektiv.[2]

Ho var styremedlem i Oslo Kvinnesaksforening frå 1969.

Kjelder endre

  1. Åse Hiorth Lervik: Ibsens verskunst i Brand, U-bøkene 1969
  2. Tidligere års vinnere av Åse Hiorth Lerviks pris Arkivert 2016-08-07 ved Wayback Machine. uit.no