Åsmund Farestveit
Åsmund Farestveit (fødd 20. august 1905 i Modalen, død 22. mai 1986 på Voss) var ein norsk prest, omsetjar og forfattar.[1] Han er særleg kjend for å ha omsett Augustins Confessiones til nynorsk i 1943.
Åsmund Farestveit | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 20. august 1905 |
Død |
22. mai 1986 (80 år) |
Yrke | prest, filolog |
Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja |
Farestveit vart cand.theol. 1930 og arbeidde som høgskulelærer fram til 1936. Han var stiftskapellan i Agder i 1936, sokneprest i Hafslo 1940, sokneprest i Førde 1949-1962 og i Fusa 1962-72.
Han skreiv bøkene Erik Venjum : sognebonde og lesarhovding (1960), Klårfjell (1975) og Berserken og mor hans (1986).
Bibliografi
endreBøker
endre- 1960 – Erik Venjum : sognebonde og lesarhovding (Bergen: Kyrkjesogelaget for Bjørgvin) I fulltekst ved nb.no
- 1975 – Klårfjell (Bergen: Norsk bokreidningslag) I fulltekst ved nb.no
- 1986 – Berserken og mor hans (Bergen: Norsk bokreidingslag). ISBN 82-90186-49-5 I fulltekst ved nb.no
Omsetjingar
endre- 1943 – Confessiones : (bokI-IX) (Oslo: Samlaget) I fulltekst ved nb.no [Av Aurelius Augustinus ; omsett av Åsmund Farestveit]
I tidsskrift - eit utval
endreReferansar
endre- ↑ Bolling, Reiddar, red: Norges prester og teologiske kandidater, 1958
Kjelder
endre- «Ord gjennom år : dikting og diktarar frå Sunnfjord og Nordfjord : 1700-1986». Naustdal: Sogn og Fjordane forlag. 1990. s. 188. ISBN 82-90576-13-7.
Bakgrunnsstoff
endre- Om Åsmund Farestveit i Allkunne.no Arkivert 2017-07-11 ved Wayback Machine.