Åtseletar

(Omdirigert frå Åtseletarar)

Ein åtseletar er ein organisme som et åtsel - dyr som allereie er daude. Dei spelar ei viktig rolle i dei fleste økosystem sidan dei bidreg til nedbrytinga av daude dyrerestar; ei prosess som vert avslutta av dei ekte nedbrytarane eller saprotrofane.

Ein svartkondor et eit åtsel.

Velkjende åtseletarartar omfattar m.a. gribbar, kondorar, åtselbillar og mange krepsdyr. Det finst dessutan ei heil rekkje organismar som både jaktar og et åtsel, m.a. løver, hyener og sjakalar.

Dyr som lever av ekskrement, t.d. gjødselbiller, vert òg rekna som åtseletarar i økologien. Organismar som hovudsakleg lever av daude plantar, vert derimot omtala som detrivorar.