Svartkondor

fugleart
Svartkondor
Svartkondor
Svartkondor
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Svartkondor
Utbreiinga av Svartkondor
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Haukefuglar Accipitriformes
Familie: Kondorar Cathartidae
Slekt: Coragyps
Art: Svartkondor C. atratus
Vitskapleg namn
Coragyps atratus

Svartkondor (Coragyps atratus) er ein medlem av kondorfamilien med utbreiingsområde som strekker seg frå det nordaustlege USA og sørover over Mellom- og Sør-Amerika til sentrale Chile og Argentina. Han er monotypisk i slekta si Coragyps.

Svartkondorar lever i relativt opne område med spreidd vegetasjon. Med eit vengespenn på opp til 1,5 m er svartkondor ein stor fugl, men er relativt liten innanfor kondorfamilien. Han har svart fjørdrakt, eit fjørlaust, gråsvart hovud og nakke, og eit langt nebb med nedbøygd krok.

Svartkondoren er ein åtseletar og lever av kadaver, men vil òg ete egg eller drepe nyfødde dyr inkludert husdyr som storfe. I område som er folkesette, lever han òg på søppelfyllingar. Han finn måltida sine enten ved å bruke det skarpe synet sitt eller ved å følgje etter andre kondorartar, som har ein sterkare luktesans. Ettersom han manglar syrinx - vokaliseringsorganet hos fuglar - er einaste vokaliseringa grynting eller låge kves.

SkildringEndra

Svartkondor har ei kroppslengde på 60 til 68 centimeter, eit vengespenn på 137 til 150 centimeter og kroppsmasse på 1,6 til 2,2 kg. Jamført med andeskondor på typisk rundt 11 kg, er svartkondor ein liten medlem av kondorfamilien. Fjørdrakta er svart, hovudet og halsen er berr. Han har breie venger og ein kort hale. Beina og nebbet er gråe, irisen er mørk. Kjønna er like både i utsjånad og storleik.[1]

Hos vaksne fuglar er nebbspissen elfenbeinfarga, skuldrene og ryggen har ein grøn glans, hovudskinnet er grått og rynka. Dei ytste handfjørene er lyse på undersida, og dette er eit sikkert kjenneteikn for arten når han er observert i flukt.

Hos unge fuglar er nebba jamt grå, fjørdrakta manglar glans, og huda på hovudet er svart og ikkje veldig rynka.

Svartkondor beitar helst i lågtliggande opne habitat og kviler og overnattar i tre, ofte i større grupper. Dei kan pendle i større grupper mellom fast overnattingsstad og ein fôringsplass.[1] Dei lever i det vestlege USA, i det meste av Mexico bortsett frå Baja California, i Mellom-Amerika i Sør-Amerika med unntak av sørlegaste Chile og Argentina. Dei har fråvære frå Karibia. Sjølv om han er ein vanleg og utbreidd art, har han ei litt meir avgrensa utbreiing enn kalkunkondoren med mykje lik utsjånad, som hekkar godt inn i Canada og sørover til Tierra del Fuego.

Svartkondor er sosial og lever hovudsakleg på åtsel, men av og til fangar dei sjølv levande byte. Som søppeletar blir han ofte verdsett som ein gunstig renovatør, men blir òg sett på som eit skadedyr, sidan han nokre gonger tar nyfødde storfe.

Denne arten bygger ikkje reir. Han legg egga sine i hòler eller hole tre eller skjult på barmark mellom kratt. Storleiken på kullet er nesten alltid to egg. Begge foreldra rugar egga til klekkinga skjer, ofte etter 38 til 39 dagar, men informasjon om rugetid er varierande.[1] Den globale populasjonen er ikkje talfesta og er rekna å vere aukande.[2]

Ei rekke illustrasjonar i mayakodeksar viser svartkondorar. Kondoren blir normalt forbunde med enten død eller som ein rovfugl. Han blir ofte vist når han angrip menneske.[3]

KjelderEndra

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 Buckley, N. J. (2020). Black Vulture (Coragyps atratus), version 1.0. I Birds of the World (A. F. Poole og F. B. Gill, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.blkvul.01
  2. BirdLife International (2021) Species factsheet: Coragyps atratus. Henta 24. oktober 2021.
  3. Tozzer, Alfred Marston; Glover Morrill Allen (1910). Animal Figures in the Maya Codices. Harvard University. 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Svartkondor