Hanukkijá
(Omdirigert frå Åttearma lysestake)
Ein hanukkijá (hebraisk חֲנוּכִּיָּיה ḥănukkijjā), òg kalla hanukká eller hanukka-menora, er den niarma lysestaken som blir bruka under den jødiske lysfesten hanukká som blir feira i åtte dagar kring nymåne i desember.
Det finst to hovudtypar hanukkijá — den eldste typen er ei fleirarma oljelampe, og den vanlegaste typen i dag er ein lysestake for stearinlys eller vokslys.