Menora
Menoraen (hebraisk: מנורה) er eit av dei eldste symbola knytt til jødedomen. Ein menora er ein sjuarma lysestake som var nytta i Tempelet i Jerusalem. Menoraen vart tent av øvsteprestane i tempelet kvar morgon. Yppersteprestane hadde bytta ut den brukte veika og lagt i ny og rein olivenolje. Menoraen brann kontinuerleg.
I synagoger i dag er det ein lampe kalla Ner Tamid - det evigvarande lys - som er tent heile tida. Dette lyset symboliserer Menoraen som stod i tempelet.
Den niarma lysestaken som brenn under Hanukka er ofte forma som menoraen, fordi Hanukka vert feira til minne om mirakelet med menoraens olje som varte i åtte dagar. Israel har tatt i bruk ein menora omgjeven av to olivenblad på sitt riksvåpen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Menora» frå Wikipedia på bokmål, den 6. januar 2009.