Ægir Bryggeri

bryggeri i Flåm i Sogn

Ægir Bryggeri er eit mikrobryggjeri i Flåm i Aurland kommune i Vestland. Bryggjeriet er kalla opp etter den norrøne guden Ægir og vart grunnlagd av Aud Melås og Evan Lewis i 2007. Sjefsbryggar er Evan Lewis.

Ægir Bryggeri

Bryggeriet er tilknytt Flåmsbrygga Hotel, Flåmstova Restaurant og Furukroa Café.

ØltyparEndra

Bryggeriet lagar følgjande øltypar, som kan kjøpast i polutsal og butikkar i heile landet, og som alle er av typen real ale:

  • Bøyla Blonde Ale, 4,7 %
  • India Pale Ale, 6,5 %
  • Rallar Amber Ale, 4,7 %
  • Sumbel Porter, 4,7 %
  • Ægir Ratatosk Double IPA, 9 %

I tillegg til desse, som vert laga året rundt, har bryggeriet også fleire typar øl som vert bryggja til ulike årstider eller er eingongsbrygg:

  • Brime Red Lager, 4,7 %
  • Julebrygg, 4,7 % (raud etikett) og 7 % (grøn etikett)
  • Kvase Kølsch, 4.5% (2007–2008)
  • Påskesol!, 4,7 %
  • Saison, 6,5 % (2008)

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Ægir Bryggeri