Æresgravlunden i Arlington

Æresgravlunden i Arlington (engelsk Arlington National Cemetery) er den viktigaste krigskyrkjegarden i USA. Kyrkjegarden ligg i Arlington i Virginia, ved Potomacelva, midt imot Washington, D.C., i USA. Gravlunden vart grunnlagd under den amerikanske borgarkrigen på eigedomen til general Robert E. Lee. Her kviler soldatar som mista livet under den amerikanske revolusjonen, falne frå andre verdskrig, Koreakrigen og Vietnamkrigen, og dessutan frå krigane i Afghanistan og Irak. Her finst òg grava til den ukjende soldat.

Æresgravlunden i Arlington
Arlington House.jpg
Opna13. mai 1864

Æresgravlunden i Arlington
38°52′45″ N 77°4′20″ W
President John F. Kennedys grav med evighetsflammen.
Foto: 1992
Arlington National Cemetery

Meir enn 400 000 er gravlagt på Arlington, som utfører nærare 30 bisetjingar kvar dag.[1]

Den 27. presidenten av USA, William Howard Taft (død 1930), vart gravlagd her. Den 35. presidenten, John F. Kennedy (død 1963), er òg gravlagd her, det same er enka hans, Jacqueline Kennedy (død 1994), og bror hans, senator Robert F. Kennedy (død 1968). Senator Edward «Ted» Kennedy vart òg gravlagd her etter at han døydde i 2009. Blant øvrige kjende personar som er lagt til kvile på Arlington kyrkjegard er John Basilone, Lee Marvin, Dashiell Hammett og Bernt Balchen.

ReferansarEndra

  1. Press, Matthew Barakat, The Associated (7. august 2017), «Army to expand Arlington Cemetery, ends talks with county», Army Times (på engelsk), henta 3. februar 2021 

BakgrunnsstoffEndra