Çanakkale
Çanakkale hamn i Tyrkia i provinsen Çanakkale, på sørkysten av Dardanellane (eller Hellespont) på det smalaste punktet. Byen har kring 105 000 innbyggjarar (2010).[1]
Çanakkale | |||
by | |||
Flyfoto.
| |||
Land | Tyrkia | ||
---|---|---|---|
Region | Marmararegionen | ||
Provins | Çanakkale | ||
Del av | Southern Marmara | ||
Koordinatar | 40°09′N 26°24′E / 40.150°N 26.400°E | ||
Areal | 938 km² | ||
Folketal | 106 116 Türkisches Institut für Statistik, abgerufen 7. Juni 2011 | ||
Folketettleik | 113 / km² | ||
Borgarmeister | Ülgür Gökhan | ||
Çanakkale 40°09′N 26°24′E / 40.15°N 26.4°E | |||
Kart som viser Çanakkale.
| |||
Wikimedia Commons: Çanakkale | |||
Nettstad: www.canakkale.bel.tr |
Ferjeruta mellom Çanakkale og Gallipoli på den andre sida av Dardanellane knyter Istanbul og Izmir og er difor særs trafikkert. To kilometer frå Çanakkale ligg den antikke byen Abydos. Çanakkale er òg den moderne byen som ligg nærast den antikke byen Troja. Trehesten som vart brukt i filmen Troja er utstilt i byen.
Çanakkale var opphavleg eit osmansk fort med namnet Kale-i Sultaniye, «Fortet til sultanen». Byen vart seinare kjent for pottemakeriet sitt og namnet vart dermed Çanakkale, av çanak, «krukke», og kale, «fort».
Klima
endreÇanakkale har eit middelhavsklima med varme og tørre somrar og kjølige og regnfulle vintrar.
Vêrdata for Çanakkale | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Høgast målte °C | 19,9 | 21,2 | 24,2 | 26,1 | 32,1 | 36,8 | 39 | 38,6 | 35,4 | 31,7 | 25,2 | 22,5 | 39 |
Gjennomsnittleg maks °C | 9,6 | 9,8 | 12,3 | 16,9 | 22,4 | 27,7 | 30,6 | 30,3 | 26 | 20,5 | 15,4 | 11,3 | 19,4 |
Gjennomsnittleg min °C | 3,3 | 3,4 | 5 | 8,7 | 12,9 | 17,1 | 19,8 | 19,9 | 16,1 | 12,3 | 8,2 | 5,3 | 11 |
Lågast målte °C | −8,6 | −11,2 | −8,4 | −1,3 | 3,4 | 8,4 | 11,6 | 11,6 | 8,2 | 0,4 | −2,8 | −7,2 | −11,2 |
Gjennomsnittleg nedbør mm | 85,3 | 66,2 | 65,8 | 47,3 | 32,1 | 23,1 | 14,6 | 6,9 | 21,9 | 58 | 89,1 | 102,4 | 612,7 |
Gns. solskinstimar i månaden | 105,4 | 123,2 | 170,5 | 219 | 294,5 | 333 | 365,8 | 350,3 | 267 | 195,3 | 132 | 93 | 2 649 |
Kjelde: Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü [2] |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Çanakkale» frå Wikipedia på engelsk, den 25. august 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: