Ímia/Kardak

(Omdirigert frå Ímia)

Ímia (gresk Ίμια) eller Kardak (tyrkisk) er to små aude øyar i Egearhavet, mellom den greske øygruppa Dodekanesane og sørvestkysten av Tyrkia. Dei ligg 3,8 nautiske mil vest for kysten av provinsen Muğla, og 5,5 nautiske mil aust for den greske øya Kálymnos, og 2,5 nautiske mil søraust for den næraste greske småøya, Kalólimnos. Samla har øyane eit areal på 4 hektar. Øyane vert òg kalla Limniá på gresk, İkizce på tyrkisk eller Heipethes på nokre kart tidleg på 1900-talet.[2]

Ímia (Kardak)
Ίμια, Limniá, İkizce, Heipethes
øy
Kart
Land  Hellas,  Tyrkia
Del av Dodekanesane
Stad Egearhavet
 - koordinatar 37°3′3″N 27°9′4″E / 37.05083°N 27.15111°E / 37.05083; 27.15111
Areal 0,04 km²
Folketal 0[1]
Kart
Ímia
37°03′03″N 27°09′04″E / 37.050833333333°N 27.151111111111°E / 37.050833333333; 27.151111111111

Ímia/Kardak-krisa endre

Ímia/Kardak var åstad for ei militær krise og påfølgjande strid om herredømet over øya mellom Hellas og Tyrkia i 1996. Ímia-Kardak-striden er ein del av den større Egearhavsstriden, som omhandlar herredøme over kontinentalsokkelen, territorialfarvatn, luftrom, Flight Information Region (FIR) og demilitarisering av dei egeeiske øyane. Etter Ímia/Kardak-krisa vart striden utvida, då Tyrkia la krav på fleire andre småøyar i Egearhavet. Desse øyane, somme busette, vert rekna som udiskutabelt greske av grekarane, men som gråsoner med uavklart herredøme av tyrkarane.

Kjelder endre

  1. Folketeljing 2021
  2. Yüksel İnan, Sertaç Başeren (1997): Status of Kardak Rocks. Kardak Kayalıklarının statüsü. Ankara. (ISBN 975-96281-0-4).