Íos
- «Ios» omdirigerer hit. For operativsystemet til Apple, sjå iOS.
Íos Lokalt namn: Ίος | |
---|---|
![]() Khóra på Íos | |
Geografi | |
![]() | |
Stad | Egearhavet |
Koordinatar | Koordinatar: |
Øygruppe | Kykladane
|
Areal | 109,024 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining |
Dei sørlege egeiske øyane Thíra |
Største busetnad | Íos (1 754 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 2 024 (2011[1]) |
Folketettleik | 18,6 /km² |
Íos (gresk Ίος) er ei øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet. Íos er ei åslendt med høge klipper langs nesten heile kysten. Ho ligg om lag midt mellom Náxos og Santoríni. Ho er om lag 18 km lang og 10 km brei med eit areal på 109 km².
Íos er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Thíra i periferien Dei sørlege egeiske øyane.[2]
Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen Íos 2 024 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 1 754 innbyggjarar.[1]
Byen Khóra Endra
Hamna på Íos ligg ved Órmos i nordvest. Frå her går det buss eller ein 15 minuttar lang gåtur opp til landsbyen, som vert kalla Khóra eller Íos by. Han består av kvite og svært vakre kykladiske hus, med mange trapper og smale gater. I dag er hovudgata i landsbyen fullstendig basert på turisme med restaurantar, butikkar, barar og diskotek. Bortsett frå hamna og landsbyen Khóra har Íos berre eit par små busetnadar, hovudsakleg eit par spreidde hus i nærleiken av dei store strendene (Psáthi, Ajía Theodóti, Mylopótas, Manganári).
Historie Endra
Íos har ikkje sett så mange spor etter seg i historia. I følgje dei antikke segnene var mor til Homer frå Íos, og han sjølv skal visstnok vere gravlagd her. På øya kan ein sjå den antikke byen Plakotos heilt nord på øya, der ein kan sjå inngangen til ei grav der Homer visstnok ligg. Nord på Íos kan ein òg sjå ruinane etter ei venetiansk borg frå 1400-talet. Øya skal visstnok ha like mange kyrkjer og kapell som dagar i året, 365.
Strender Endra
Íos trekkjer til seg store mengder unge turistar. På 1970-talet brukte mange av dei å sove i sovepose på stranda eller Mylopótasetter å ha festa heile natta. I dag har Mylopótas utvikla seg til ein feriestad for pakketuristar.
Byar og tettstader Endra
Dei største byane og tettstadene i kommunen er:
Tettstad | Folketal 2011[1] |
---|---|
Íos (Khóra) | 1 754 |
Mylopótas | 120 |
Epáno Kámbos | 57 |
Boúris | 31 |
Manganári | 29 |
Dei andre busetnadene i kommunen er:
- Koumbára (16)
- Ajía Theodóti (12)
- Psáthi (5)
Småøyar i kommunen:
- Petalídi (0)
-
Stranda Mylopótas
-
Khóra på Íos
Referansar Endra
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Folketeljing 2011, revidert
- ↑ Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023
Bakgrunnsstoff Endra
Kjelde Endra
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Ios Island frå Engelsk Wikipedia .