56°17′00″N 13°17′00″E / 56.28333°N 13.28333°E / 56.28333; 13.28333

Frå Örkelljunga

Örkelljunga (dansk Ørkellyng) er ein svensk tettstad og centralort i Örkelljunga kommun i Skåne län i landskapet Skåne. I 2005 hadde tettstaden 4 574 innbyggjarar.

Slaget ved Ørkellyng endre

I den danske tida fann slaget ved Ørkellyng sted den 27. august 1510. Ved Fanteholle (Fantehåla), eit dalsøkk på grensa mellom Ørkellyng og Rye sokn, blei den svenske hærføraren og tidlegare riksråd Åke Hansson Tott, som hadde herjet Aust-Danmark sidan 1506, sigra over.

Lensmannen Tyge KrabbeHelsingborg hadde høyrt om eit planlagt svensk åtak på Helsingborg og kom i forkjøpet på hæren til Åke Hansson på 700 mann. Fleire svenske leiarar blei drepne, mellom andre Åke Hansson. Liket hans blei ført til Helsingborg, der hustrua til Krabbe, Anne Rosenkrantz, heidra den falne fienden med ei fornem gravferd.

Ein minnestein blei i 1923 plassert ved slagmarka med ein tekst av Tyge Krabbe: «1510 Tisdag efter Bartolomej då stod det Slag ved Fanteholle mellem mig og Her Aage Hanssen og jeg fik Død paa hannem.»

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre