Skåne län er eit len i det sørlege Sverige. Det grensar til lena Hallands län, Kronobergs län og Blekinge län.

Landskap endre

Landskapet Skåne har omtrent dei same grensene som dagens Skåne län. Skånes landskap er òg særs flatt, noko som har sett sitt preg på jordbruket i Skåne. Det høgaste punktet i Skåne er Söderåsen (212,2 moh).

Administrasjon endre

Skåne län vart danna i 1997 ved at dei to skånske lena Malmöhus län og Kristianstads län vart slått saman til ei eining. Fram til samlinga var det dårleg offentleg kommunikasjon mellom dei to delane av landskapet. Ein av dei første oppgåvene i regionen var å opprette buss- og toglinjer mellom dei to tidlegare lena ved å skipe selskapet Skånetrafiken.

Hovudoppgåvene for lensadministrasjonen er å utføre dei oppgåvene gjeven av Riksdagen og den svenske regjeringa, å koordinere og oppmuntre til økonomisk vekst i länet og ivareta rettstryggleiken.

Skåne län er eit av lena som har fått (som ei prøveordning saman med Västra Götaland og Gotland) utvida ansvarsområde delegert frå den sentrale svenske regjeringa.

Kjelder endre