Opna hovudmenyen

Øivind Blunck

norsk songar og skodespelar

Øivind Blunck (fødd 28. desember 1950) er ein norsk skodespelar og komikar fødd i Oslo.

Øivind Blunck
Fødd 28. desember 1950
Noreg
Yrke komikar, songar, skodespelar

Blunck er kjend for ei rekke humoristiske roller i fjernsyn og på teater, mellom anna som tenåringen Reidar, mopedoriginalen Fridtjof, i revyar saman med Hege Schøyen og som politimannen Holm i fem filmar om Olsenbanden.

Han gjorde et uutsletteleg inntrykk som assyriologen Henrik Meisel i ABC-Teatret sin forviklingskomedie Den Spanske Flue. Han hadde òg rolla som kroverten Thénardier i musikalen Les Misérables då denne vart sett opp første gong i Noreg i 1988.

Øivind Blunck var gift med Guri Schanke frå 1991 til 2008. Han vann Leonardstatuetten i 1998.

BakgrunnsstoffEndra