Øivind S. Jorfald
Øivind Sigvart Jorfald (fødd 8. september 1950) er ein norsk biletkunstnar busett i Vollen i Asker kommune, der han har atelier og driv galleriet Hebbe Lilles Galleri.
Øivind S. Jorfald | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 8. september 1950 |
Død |
16. november 2021 (71 år) |
Yrke | illustratør, grafikar, teikneserieskapar |
Språk | norsk |
Øivind S. Jorfald arbeider for det meste med handkollorerte koparstikk, litografi og teikning/akvarell, gjerne i små format og med ein humoristisk snert. Han har òg illustrert fleire bøker, ikkje minst bøker for born, og har dessutan laga teiknefilmar. For teiknefilmen Steinen fekk han Amandaprisen i 1990. I 1981 gav han ut heftet Bygging av flaskeskuter ( ISBN 82-516-0873-2 ).
- 1990: Steinen – manus, regi, produksjon, animasjon, design, bakgrunnar, klipp,
- 1992: Det var en gang – animasjon, design
- 1993: Flyndra – manus, regi, produksjon, animasjon, foto, design
- 1994: Det opprørske alfabetet – regi, produksjon, foto,
- 1994: Den minste reven, bakgrunnar
- 1995: Solo Snorre – regi, produksjon, animasjon
- 1995: Filmen om Bodil – bakgrunnar
- 1996: Den hellige finger – manus, regi, produksjon, animasjon, foto
- 2002: Hvalens sjel – produksjon