Øksfjordjøkelen
isbre i Kvænangen i Troms og Loppa i Finnmark
Øksfjordjøkelen (samisk Ákšovuonjiehkki) er den niande største isbreen på det norske fastlandet med eit areal på 41 km². Han ligg mellom kommunane Kvænangen i Troms og Loppa i Finnmark.
Øksfjordjøkelen | |||
isbre | |||
Område | Kvænangen og Loppa | ||
---|---|---|---|
Type | Platåbre | ||
Areal | 41 km² | ||
Toppunkt | 1204 moh. | ||
Botnpunkt | 330 moh. | ||
Koordinatar | 70°10′N 22°3′E / 70.167°N 22.050°E | ||
Øksfjordjøkelen 70°10′00″N 22°03′00″E / 70.166666666667°N 22.05°E | |||
Wikimedia Commons: Øksfjordjøkelen |
Det høgaste punktet på breen er 1204 meter over havet, som er det høgaste punktet i Finnmark. Det lågaste punktet er 330 meter over havet. Breen ligg mellom Øksfjorden, som han er kalla opp etter, i aust og Langfjorden i vest. I sør grensar han til Jøkelfjorden og Isfjorden.