Ørjan Drange
Ørjan Drange (fødd 11. juni 1978 i Bergen) er ein norsk forfattar.
Ørjan Drange | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 11. juni 1978 (46 år) Bergen |
Yrke | skribent, science fiction-forfattar |
Drange voks opp på Sand i Ryfylke. Då han hadde fullført vidaregåande skule, gjekk han eitt år på Nansenskolen på Lillehammer, der han valde skrivekunstlina. Etter å ha fullført militærteneste, studerte han ved Universitetet i Bergen i to år, der han tok historie grunnfag og nokre andre fag. I 2003 debuterte Drange som forfattar med boka Under steinbølgene, ein sciencefiction-roman som er skriven på nynorsk. Sidan 2004 har han jobba som assistent for utviklingshemma i Bergen kommune.
Under steinbølgene er den einaste romanen Drange til no har skrive. Boka omhandlar eit oppdikta og gjennomført univers der eit telepatisk nettverk rår over menneska. Dei to unge mennene Munder og Ikar er eg-personane i boka, og ein følgjer dei i parallelle handlingar medan dei er i teneste for «Sjeleveven», men også somme tider utanfor «veven» sin kontroll.
Elles har han hatt eit par kortprosatekstar på trykk i tidsskriftet Ratatosk.
Kjelder
endre- «Ørjan Drange» i Allkunne, innhenta 27. juli 2010.
Bakgrunnsstoff
endre- «Vestlandsforfattere – Ørjan Drange Arkivert 2007-08-09 ved Wayback Machine.» hjå Bergen Offentlige Bibliotek.
- Bjørn Brøymer: «Forfatter som utfordrer» på Aftenposten.no (24.10.2008).