Østenstad

bustadområde i Tysvær kommune

Østenstad er ein tettstad i Tysvær kommune i Rogaland fylke slik som definert av Statistisk sentralbyrå. Den geografiske utstrekninga per 2023 er tredelt, på austsida av Skjoldafjorden inkluderer ho Hesthammar, Båtsvik, garden Østeinstad, dessutan bustadene på Holmen ved Skjoldastraumen sluser, og eit tredje område rundt Skjeljavika sørom slusa, men på vestsida av fjorden. Skjoldastraumen er namnet på ei bygd ved dette området. Tettstaden har 308 innbyggjarar per 1. januar 2023. Fylkesveg 515, Nedstrandsvegen, går gjennom tettstaden på austsida av Skjoldafjorden.

Østenstad
stad
Land  Noreg
Fylke Rogaland
Kommune Tysvær
Areal 0,33 km²
Folketal 308  (2023)
Folketettleik 933 / km²
Ferdselsårer 515
Kart
Østenstad
59°25′25″N 5°37′52″E / 59.423736944444°N 5.6310552777778°E / 59.423736944444; 5.6310552777778

Sjå òg

endre

Kjelder

endre