Opna hovudmenyen
Østersdyrking i basseng i West Mersea i Essex.

Ein østerspoll er eit innelukka sjøvassbasseng brukt til å dyrka østers.[1]

Pollar er naturleg innelukka fjordar eller viker med tronge innløp.[2] Typisk kan ein østerspoll ha ei breidd på 50-100 meter. Dersom det renn ferskvatn ut i han, kan dette danna eit vassjikt med brakkvatn øvst som gjev pollen høgare og meir stabil temperatur.[3]

På 1800-talet byrja ein å satsa på dyrking av østers i slike pollar i Noreg, gjennom anna gjennom Selskabet for de norske Fiskeriers Fremme. I nokre høve kunne ein byggja murar mot sjøen for å demma opp pollane betre.[4]

Ein byrja etterkvart å skilja mellom ynglepollar, med høgare temperaturar som var godte for yngling, og feitepollar, der østersen kunne veksa.[4] Ein kunne la yngelen setja seg på buntar av bjørkeris og seinare plassert i korger og hengd ut i feitepollar.[4]

Nokre østerspollar i Noreg var Espevikpollen og Seløya i Tysnes, Humlevågspollen på Nesøy i Solund, Kviturdspollen i Fana og Agapollen på Bømlo.[3] Espevikpollen har vore i drift fram til 2000-talet. Østerspollen på Innerøya i Os var driven fram til 1990-talet, og blei sett i gang igjen på 2010-talet.[5][6]

GalleriEndra

KjelderEndra

  1. «Østerspoll» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. «poll - Det Norske Akademis ordbok», www.naob.no (på norsk), henta 30. mai 2019 
  3. 3,0 3,1 emmahh (25. juli 2015), «Espevikpollen», Grind - Ei reise gjennom natur og kultur i Hordaland, henta 30. mai 2019 
  4. 4,0 4,1 4,2 «Østersdyrking i Solund», leksikon.fylkesarkivet.no, henta 30. mai 2019 
  5. Bruarøy, Kjetil Vasby (31. mars 2013), «Østers-kameratane», midtsiden, henta 30. mai 2019 
  6. Bruarøy, Kjetil Vasby (26. desember 2016), «Arne og Kåre sin første østersleveranse», midtsiden, henta 30. mai 2019