Østjylland er den austlege delen av halvøya Jylland med Aarhus som den største byen.

Østjylland har aldri vore ein administrativ region. Området er tradisjonelt avgrensa mot nord av Mariager Fjord og mot sør av Kolding Fjord eller grensa til Sønderjylland. Andre grenser er meir uklare. Grensa mot Vestjylland går tradisjonelt ned gjennom Jylland langs hovedvej 13, tidlegare hærvejen, og den jyske højderyg, der den omtrent følger grensa mellom dialektene østjysk og vestjysk.

Østjylland overlappar delvis med dei nyare omgrepa Midtjylland og Sydjylland. Nokre oppfattar såleis Silkeborg (og især Viborg) som Midtjylland, andre som Østjylland eller som begge delar. Mot sør vil langt dei fleste rekne Horsens til Østjylland, medan Vejle og Kolding kan bli rekna til Øst- og/eller Sydjylland.

Endeleg kan ein i geografisk forstand tale om ein østjysk landskapsform og købstadstype, som strekker seg frå Hobro til Egernførde og Kiel.

Det tidlegare Århus Amt, omtrent svarande til Århus Stift, var identisk med dekningsområdet for TV 2/Østjylland og DR's Østjyllands Radio.

Kommunar

endre

Kommuner i dækningsområdet for TV 2/Østjylland og DR's Østjyllands Radio.

kommunar innbyggartal (1/4 2011) areal km² tettleik
Aarhus kommune 311.235 468 665
Randers kommune 95.402 800 119
Silkeborg kommune 89.050 864 103
Horsens kommune 83.077 542 153
Skanderborg kommune 57.790 436 133
Favrskov kommune 46.922 539 87
Syddjurs kommune 41.768 696 60
Norddjurs kommune 37.939 721 53
Odder kommune 21.838 225 97
Samsø kommune 3.866 114 34
Total 788.887 5.405 146

Byregion Østjylland

endre
 
De 17 kommuner i Byregion Østjylland

I Landsplanredegørelsen for 2006 frå Miljøministeriet stod det:

Østjylland er ved at udvikle sig til et sammenhængende område med stor befolkningstilvækst og arbejdsdeling mellem byerne i bybåndet, der strækker sig fra Kolding til Randers. Ja, man kan endda på sigt se konturerne af en ny millionby i Danmark.[1]

Dette vart grunnlaget for, at omgrepa Den Østjyske Millionby, Byregion Østjylland og Det østjyske bybånd vart skapt. Kommunane i området danna ei styringsgruppe og stod i 2008 bak "Vision Østjylland", der Aarhus vart omtalt som ein by med svake teikn på verdsbystatus i likskap med f.eks. Antwerpen, Glasgow, St. Petersborg og Torino.[2]

Infrastrukturkommissionen hadde i sin rapport òg fokus på området og samanlikna den noverande situasjonen i Østjylland med situasjonen i hovedstadsområdet før den første fingerplan.[3]

Referansar

endre
  1. Miljøministeriet 2006 - Landsplanredegørelse 2006: Det nye Danmarkskort - planlægning under nye vilkår, s. 20
  2. Styregruppen for projekt Byudvikling i Østjylland, 20. august 2008 - Vision Østjylland, s. 6
  3. Infrastrukturkommissionen, januar 2008 - Danmarks Transportinfratruktur 2030, s. 233

Bakgrunnsstoff

endre