Østre Gausdal prestegard

prestegard i Gausdal kommune

61°15′39.23″N 10°9′29.68″E / 61.2608972°N 10.1582444°E / 61.2608972; 10.1582444

Prestegarden i Østre Gausdal
Foto: Cmila

Østre Gausdal prestegard eller Riddervold prestegard var prestegarden for Gausdal, seinare Østre Gausdal. Han vert ofte omtala under sitt mellomaldernamn Reidevoll, som òg gjev namn til den stiftinga som driv garden i dag.

Garden er første gong omtala i 1333, då biskopen oppheldt seg der i samband med eit makeskifte. Garden slo i løpet av 1400-talet under seg noko jord frå nabogarden Kveine, og han skal òg ha slått under seg andre gardar som Skjerve på nordsida.[1] Plasseringa av tunet er endra sidan mellomalderen. I dag ligg gardsbygningane nær krysset ved fylkesveg 254. Tidlegare låg tunet truleg om lag midt imellom dette og Østre Gausdal kyrkje. Gerhard Schøning vitja garden i 1775 medan flyttinga gjekk føre seg.

Våningshuset går for å vere den største prestegardsbygningen i Noreg. Huset har tre etasjar med 36 rom over 1300 kvadratmeter, og det har tidlegare òg hatt eit par tverrfløyer.[2] Det har dessutan vore ein terrassert barokkhage på staden. Initiativtakar for dette og resten av anlegget var sokneprest Andreas Pihl (1726–81).[3]

Gausdal har sidan fått ein ny prestebustad[4]. Den tidlegare prestegarden vert i dag driven av Stiftelsen Reidevoll og husar soknerådet og Gausdal historelag[5]. Ein leiger dessutan ut lokale. Stabburet på den andre sida av vegen husar Galleri Riddervold. Prestegardsbygningen er freda.

Fotnotar

endre
  1. Skre (1988), s. 56.
  2. Stiftelsen Reidevoll Arkivert 2014-07-14 ved Wayback Machine..
  3. Far til Abraham Pihl, jf. Norsk slektshistorisk forening Arkivert 2014-07-15 ved Wayback Machine..
  4. Opplysningsvesenets fond Arkivert 2018-09-10 ved Wayback Machine..
  5. Nettstaden til historielaget.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Østre Gausdal prestegard