Austre Svartisen
(Omdirigert frå Østre Svartisen)
Austre Svartisen er den austlege isbreen av Svartisen i Nordland. Han ligg i kommunane Meløy og Rana. Med eit areal på 148 km² er han den fjerde største isbreen på det norske fastlandet.
Austre Svartisen | |||
isbre | |||
Område | Salten | ||
---|---|---|---|
Type | Platåbre | ||
Areal | 148 km² | ||
Toppunkt | 1550 moh. | ||
Botnpunkt | 208 moh. | ||
Koordinatar | 66°35′N 14°12′E / 66.583°N 14.200°E | ||
Austre Svartisen 66°34′40″N 14°11′20″E / 66.57775879°N 14.18884277°E |
Breen stig opp til 1550 meter over havet på det høgaste, medan det lågaste punktet ligg 208 meter over havet. Breen er skild frå Vestre Svartisen av Vesterdalen. Austre Svartisen har fleire brearmar, som Austerdalsisen, Lappbreen og Fingerbreen.