Østsiden Idrettslag

Østsiden Idrettslag Fredrikstad (tidlegare Østsiden IL, stifta 14. juni 1935) er eit idrettslag frå Østsiden i Fredrikstad. Klubben er mest kjend for fotballaget sitt.

Østsiden Idrettslag

Fullt namnØstsiden Idrettslag Fredrikstad
Grunnlagd14. juni 1935
HeimebaneØstsiden idrettsplass
HovudtrenarRino Hansen
Liga2. divisjon, avd 1 (2013)
Heimedrakt
Bortedrakt
Noverande sesong

Klubben spelar denne sesongen i 2. divisjon fotball for menn.

Historikk endre

I 1937 anla laget sin eigen grusbane og i 1948 vart grasbanen opna. I 1959 opna ein treningsbanen og ytterlegare ein treningsbane vart opna sør for Nabbetorp skole i 1987. Damehandball kom på programmet i 1966 og den første leiaren for av handballgruppa var Kirsten Hellesnes.

Av sportslege merittar finn ein fotballaget sin 2-1-siger over Lyn i kvartfinalen i 1962 og andreplassen i 2. divisjon same år. På ungdomssida har det blitt fleire krinsmeisterskap samt juniorfinale i NM i 1955 og sølv i Norway Cup i 1975.

Noregs Fotballforbund innførte dugleiksmerke i 1953 og Thor Magnussen var den første i landet som klarte gullmerket. Andre kjentfolk med bakgrunn frå klubben er FIFA-dommar Tore Hollung, landslagssjef Egil Roger «Drillo» Olsen og mangeårige proff Jørn Andersen.

Frå og med 1. januar 2008 gjekk klubben inn for eit samarbeid med Fredrikstad HK for å samle ein stor klubb med både gutte- og jente- lag. Det nye namnet vart Østsiden Idrettslag Fredrikstad.

Arrangement endre

Østsiden IL Fredrikstad arrangerer kvart år fleire populære og tradisjonsrike arrangement som fotballskule, fotballcup, og «Øssiæloppene» for å nemne nokre. Men det mest kjende og populære er den største handballcupen i Noreg – DNB Fredrikstad Cup.

Handballcupen vart for første gong arrangert i 1982 og var den gongen den største i verda. I 2012 var det venta 520 lag til Fredrikstad.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre