Øvre Røssåga kraftverk

vannkraftverk i Hemnes kommune, Nordland fylke, Noreg

66°53′12.66″N 13°48′39.82″E / 66.8868500°N 13.8110611°E / 66.8868500; 13.8110611

Øvre Røssåga kraftverk
Foto: PeltonMan

Øvre Røssåga kraftverk er eit vasskraftverk ved Korgen i Hemnes kommune i Nordland fylke. Delar av nedbørsfeltet ligg i Grane og Hattfjelldal kommunar.

Kraftverket nyttar fallet på 135 meter frå magasinet Røssvatn til Stormyrbassenget Røssvatn er oppdemt og er regulert mellom 384 til 375 moh. Røssåga er regulert som følgje av verket.

Produksjonen starta i 1961 og verket vart ferdigstilt i 1962.

Til Røssvatn vert vatn ført frå Bleikvatnet, som er regulert mellom 408 og 387 moh. samt fleire bekkeinntak. Røssvatnet har eit magasinvolum på 2,35 milliardar m3 og er etter oppdemminga Noregs nest største innsjø.

Det er installert tre francisturbinar på totalt 187 MW. Middels årsproduksjon er på 907 GWh.

Eigar er Statkraft

Kjelder endre