Øvrebø

tidlegere kommune i Vest-Agder fylke i Noreg

Øvrebø er ein tidlegare norsk kommune. Frå 1837 bestod Øvrebø formannskapsdistrikt av Øvrebø, Hægeland og Vennesla. I 1865 vart Vennesla kommune skilt ut og den gjenverande delen fekk namnet Øvrebø og Hægeland kommune. I 1896 vart det ny deling og både Øvrebø og Hægeland vart eigne kommunar.

Øvrebø kyrkje
Foto: Siri Johannesen

I 1964 vart det meste av Øvrebø kommune slått saman med Hægeland og Vennesla til Vennesla kommune. Ein mindre del av Øvrebø gjekk inn i den nye Songdalen kommune.

Den såkalla «Øvrebø-skia» frå yngre bronsealder vart funne djupt i ei myr på Mushom. Funnet vart gjort i mellomkrigsåra og skia vart lenge rekna for å vere det eldste funn av ski i Noreg. Skia er i dag på Skimuseet i Holmenkollen i Oslo.