Øya Bujan
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Bujan.
Bujan (russisk Буя́н[1]) er ei mystisk øy i russisk folkeminne som ligg i havet og kan forsvinna og dukka opp att ved hjelp av tidvatnet. Ho er skildra i Dueboka og andre russiske mellomaldertekstar. Tre brør — Nordavinden, Vestavinden og Austavinden — held til på øya; det same gjer zoryaene, solvesen eller gudinner som er døtrene eller tenarane til solguden Dazhbog.[2]
Øya opptrer i fleire kjende soger. Kosjtsjej den udøyeleg oppbevarar sjela eller udøyelegheita si her, gøymd i ei nål inni eit egg i eit mystisk eiketre. Andre soger kallar øya opphavet til alt vêr, skapt der og sendt ut i verda av guden Perun. Ho er også med 'Soga om tsar Saltan', eit eventyr på vers av Aleksandr Pusjkin og seinare ein opera av Nikolaj Rimskij-Korsakov.
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ Dietrich, Anton (1857). Russian Popular Tales. s. 23.
- ↑ Dixon-Kennedy, Mike (1998). Encyclopedia of Russian and Slavic myth and legend. ABC-CLIO. s. 48. ISBN 978-1-57607-130-4.
- Denne artikkelen bygger på «Buyan» frå Wikipedia på engelsk, den 30. juni 2021.