Øya St. Anastasia
St. Anastasia (bulgarsk Света Анастасия, Sveta Anastasija, tidlegare kalla Bolsjevik, Болшевик) er ei lita bulgarsk øy i Svartehavet. Ho ligg 1,5 km utanfor kysten nær Tsjernomorets og har eit areal på 0,01 km². Ho er den einaste folkesette øya utanfor den bulgarske svartehavskysten.
St. Anastasia | |||
øy | |||
Land | Bulgaria | ||
---|---|---|---|
St. Anastasia øy 42°28′04″N 27°33′11″E / 42.467777777778°N 27.553055555556°E | |||
Kart som viser Øya St. Anastasia.
| |||
Wikimedia Commons: St. Anastasia Island |
Øya har vulkansk opphav.[1][2] Ho har både elektrisitet og drikkevatn, og er kalla opp etter det tidlegare nonneklosteret St. Anastasia som låg her. Klosteret vart forlate i 1923, då øya vart omgjort til eit fengsel.
I 1925 gjorde 43 politiske fangar (kommunistar og antifasistar) leia av Teohar Bakardzjiev opprør og rømde frå øya og vidare til Sovjetunionen. Etter at kommunistane kom til makta i Bulgaria i 1945 blei øya kalla Bolsjevik til ære for dei. Den bulgarske filmregissøren Rangel Valtsjanov baserte filmen sin On the Small Island (bulgarsk На малкия остров) frå 1958 på denne hendinga.
I dag står det eit fyr på øya, i tillegg til ein pub, ein liten kai og fleire bygningar som gjev husrom til turistar. Om sommaren er det fleire daglege avgangar for båtar mellom Burgas og St. Anastaisa.[3]
Galleri
endre-
Strand på øya
-
Fyret på øya i 2014
-
Strand og pir på St. Anastasia. I horisonten kan ein sjå Burgas.
-
Sti på øya
-
Klippe
Kjelder
endre- ↑ Dimitrov, D. 2019. Engineering-geological investigation in the coastal zone of St. Anastasia Island. Engineering Geology and Hydrogeology, 33, 67–75
- ↑ Dimitrov D., B. Banushev. 2021. Geological-geomorphological characteristics and petrographical composition of the St. Anastasia Island. Acta Scientifica Naturalis. 8. 118–125. Bibcode:2021AcSN....8a.118D. doi:10.2478/asn-2021-0010.
- ↑ «St. Anastasia Island website». Go to Burgas. Henta 17. januar 2016.
- Denne artikkelen bygger på «St. Anastasia Island» frå Wikipedia på engelsk, den 27. februar 2007.