Øyangen i Øystre Slidre
Øyangen er ein innsjø i Øystre Slidre kommune i Valdres. Han ligg 677 meter over havet og arealet er 1,47 km². Den største tilløpselva kjem frå Jødmannstjernet og Rognlifjellet. Frå Øyangen renn vatnet ut i Røyri. Øyangen er ein del av Vindavassdraget.
Øyangen | |||
innsjø | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet | ||
Kommune | Øystre Slidre | ||
Høgd over havet | 927 moh. | ||
Areal | 1,47 km² | ||
Øyangen i Øystre Slidre 61°07′25″N 9°10′37″E / 61.123611111111°N 9.1769444444444°E |
Øyangen er eit privateigd vatn, og fiske er normalt ikkje lov. I vatnet finst det aure, åbor og ørekyte.
Området rundt sjøen er prega av stølsdrift med kyr, og er eit populært hytte- og turområde både sommar og vinter.
Denne geografiartikkelen som har med Innlandet å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.