Øyer prestegard

Koordinatar: 61°15′51″N 10°25′29″E

Øyer prestegard (gnr. 35[1]) er ein prestegard i Øyer kommune i Innlandet fylke. Han ligg søraust for Øyer kyrkje og skal ha vore på same staden sidan mellomalderen.

Øyer prestegard
Foto: Jan-Tore Egge

Hovudbygningen består av to hus (fra ca. 1650 og 1750) som vart sett saman til eitt i 1832. Bygningen vart freda saman med forpaktarbustad (drengstove) og stabbur i 1991 på grunn av historisk verdi og nærleik til kyrkja.

Gardsdrifta er frådelt frå prestegarden og jorda seld.

FotnotarEndra

  1. Gardar i Øyer

KjelderEndra

  • Gunnar Birkeland og Sigrunn Nerdal, red. (2015). «142 Øyer prestegard». Prestegårder i Norge – et utvalg. Opplysningsvesenets fond. s. 123–124. 

BakgrunnsstoffEndra