Øyer kommune

kommune i Innlandet fylke i Noreg

Øyer er ein kommune i Innlandet fylke. Han grensar til Ringebu i nord, Stor-Elvdal i aust, Ringsaker og Lillehammer i sør, og Gausdal i vest. Kommunen omfattar to sokn, Øyer og Tretten, og administrasjonssenteret ligg på Tingberg. Totalarealet er ca. 640 km² av dette er rundt 20 km² vatn.[1]

Øyer kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Adm.senter Tingberg
Areal 640 km²
 •  land 621 km²
 •  vatn 19 km²
Folketal 5 124  (1. januar 2024)
Målform nøytral
Ordførar Jon Halvor Midtmagerli (Sp)
Kommunenr. 3440
Kart
Øyer
61°15′55″N 10°24′48″E / 61.265277777778°N 10.413333333333°E / 61.265277777778; 10.413333333333
Kart som viser Øyer kommune.
Kart som viser Øyer kommune.
Kart som viser Øyer kommune.
Wikimedia Commons: Øyer
Nettstad: www.oyer.kommune.no

Namn og symbol

endre

Namnet Øyer er ei skriftform av 'øy' i tydinga 'låglende ved vatn'. Vatnet det er snakk om må då vera Gudbrandsdalslågen.[2] Kommunevåpenet viser «På grønn bunn en sølv hærder», det vil seia ein trering som tidlegare blei brukt til å setja fast tau rundt lass eller bører.[1]

Geografi

endre
 
Frå Hafjell om vinteren.

Øyer har tradisjonelt vore ein jord- og skogbrukskommune. Jordbruksarealet er på rundt 32 000 daa, produktivt skogareal på rundt 163 000 daa og utmarksarealet rundt 360 000 daa. Det er om lag 180 gardsbruk i drift i kommunen som til saman har 1 200 mjølkekyr, 350 ammekyr og om lag 8 000 sauer og lam på beite om sommaren. Øyer har òg ein viss svineproduksjon, og kommunen har nav i ein purkering og i ein teststasjon for storfe.[1]

I Øyer har fjellet lenge vore viktig, også som jordbruksområde. På 1960-talet dyrka ein opp store område på fjellet, og i dag ligg ein tredjedel av all dyrka mark her. Store delar av området er statsallmenning, det vil seie at staten er grunneigar medan bruken blir administrert av fjellstyret.[1]

Gudbrandsdalslågen er rekna som ei god fiskeelv. Lågen og tilførande elvar kan medføra flaumfare, og ein storflaum i 1995 skapte store øydeleggingar i Tretten. I mai 2013 truga ein ny flaum, men kommunen kom frå han utan større skader.[3]

Reiseliv og fritid

endre
 
Øyer rådhus

Førebuingane til OL på Lillehammer i 1994 førte til kraftig utbygging fjellet for reiselivsutbygginga. Ved Hafjell Alpinsenter finst hotell, leilegheiter, storhytter og mange nye private hytter.[1] Nord for alpinsenteret ligg golfbanen Hafjell Golf med ni hol.[4] Det finst likevel også mange urørte fjellområde i kommunen.[5]

Det finst idrettsanlegg både i Øyer og på Tretten og ein idrettshall på Tretten, og fleire lysløyper her: Ved Tretten idrettshall, i Musdal som også er skiskyttarløype, på Granrudmoen og på Lisetra.[1]

Verdt å sjå i Øyer

endre

Folk frå Øyer

endre

Fotnotar

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 «Om Øyer» Arkivert 2013-12-28 ved Wayback Machine. ved oyer.kommune.no.
  2. «Om Øyer» Arkivert 2013-12-28 ved Wayback Machine. ved oyer.kommune.no, som oppgav Norsk stadnamnleksikon.
  3. «Om flommen» Arkivert 2013-12-28 ved Wayback Machine., oyer.kommune.no; «E6 i Øyer bestod flomtesten»[daud lenkje], vegvesen.no
  4. http://www.hafjellgolf.no/
  5. «Severdigheter» Arkivert 2013-12-28 ved Wayback Machine., oyer.kommune.no

Bakgrunnsstoff

endre