Øyfjellet
65°51′31″N 13°08′02″E / 65.85861°N 13.13389°E
Øyfjellet (818 m.o.h) ligg i Vefsn kommune på Helgeland. Fjellet ligg på sørvestsida av Vefsnfjorden og går frå Øydalen eit par kilometer opp i Vefsna og ut til Alterneset.
Toppen av fjellet vert kalla Stortuva. Sør for Stortuva går Trongskardet bratt opp i sørvestleg retning. I sørveststorm kan det komme kraftige fallvindar over Mosjøen frå den kanten, desse vindane vert kalla «trongskarding»
Fjellet er mykje bruka som turmål med Mosjøen som utgangspunkt, og det inngår kvart år i «Fjelltrimmen» som kommunen organiserer i samarbeid med lokale turlag. Det er reist ein stor varde på toppen av fjellet.
Men ingen annan by |
Vest for Øyfjellet ligg Øyfjellet vindkraft.