Øystein Ovrum Rudi (f. 1969 ) er ein norsk spelemann frå Sør-Fron i Gudbrandsdalen.

Øystein Rudi
Fødd24. oktober 1969 (54 år)
OpphavNoreg
Verka sommusikar
PrisarStoregutprisen

Biografi endre

Han starta å spele fele i Sør-Fron Spellemannslag i 1977. Dette skjedde først saman med Anton Amundgard og Arne Vangen. I 1981 vart Øystein med i Karlsrud og Nermoens Gåmmåldansorkester. Etter at gruppa vann Titanofestivalen i 1984 spela det omkring i heile Noreg. Med Nye Ringnesin fortsette Rudi med dansespeling frå 1986 og utover 1990-talet. Denne gruppa utvikla også etterkvart eit konsertrepertoar, og fekk dermed breiare oppdrag. Frå 1997 har gruppa KVARTS vore Rudi sitt musikalske hovedanker. Med denne gruppa har han hatt konsert, undervisning og dansemusikk som tema. Gruppa har gjeve ut tre CDar, der den første fekk Spellemannsprisen, og den andre vart nominert. Gruppa har hatt mange oppdrag i Noreg og i utlandet, og har brukt folkemusikken på mange scener der denne sjeldan er presentert. KVARTS har også lagd fleire bestillingsverk, og gruppa har Norsk kulturråds ensemblestøtte.

Øystein har vunne landskappleiken to gonger og har tre spellemannsprisar i klassa for folkemusikk. Ole Bull-akademiet har vore fast oppdragsgjevar i fleire år, og Øystein har der undervisning om feletradisjonen i Gudbrandsdalen. I 2009 vann han Storegutprisen saman med kona Nina for å ha vore vertskap på Rudi Gard i Gudbrandsdalen.

Diskografi endre

Tittel Musikarar Utgjevingsår
Steinsprang KVARTS 2006
Skal – skal ikkje KVARTS 2004
Milstein Sør-Fron Spelemannslag 2002
Filigran KVARTS 2001
Lie-Rudi-Rustad-Styve KVARTS 1999
Leik Nye Ringnesin 1999
Frå vals til vise Nye Ringnesin 1995
Fjelljenta Nye Ringnesin 1991
Den lykkelige frier Sør-Fron spelemannslag 1991
Takk for i sommer Karsrud og Nermoens gåmmåldansorkester 1986
Dans i Krogenæsstuggun Karlsrud og Nermoens gåmmåldansorkester 1983

Bakgrunnsstoff endre