Spelemann
Spelmann eller spelemann er ei nemning som tradisjonelt blir brukt om utøvarar av instrumental tradisjonsmusikk. På norsk gjeld nemninga fortrinnsvis utøvarar av norsk folkemusikk, men kan òg brukast om utøvarar av andre tradisjonelle sjangerar, til dømes svensk folkemusikk.
Døme på spelemenn er «hardingfele-spelemann», «felespelemann». Utøvarar av vokal tradisjonsmusikk vert i Noreg ofte kalla kvedarar.