Øyvind Østerud
Øyvind Østerud (fødd i 1944) er ein norsk statsvitar. Han var professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo. Han var professor i konflikt- og fredsforsking frå 1980 til 1985 og deretter professor i internasjonale konfliktstudium frå 1985. Han har særleg publisert om demokrati, styreformer og regimeendringar, geopolitikk og internasjonale konfliktar, suverenitet og nasjonalisme.[1]
Øyvind Østerud | |||
Fødd | 27. april 1944 | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | professor | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo | ||
Medlem | Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab Det Norske Videnskaps-Akademi Academia Europaea |
Karriere
endreØsterud tok magistergraden ved Universitetet i Oslo i 1970.[2] I 1974 forsvarte han doktorgraden ved London School of Economics (LSE).[3] I 1980 vart han utnemnt til professor i fredsforsking, som Johan Galtungs etterfølgjar i den lærestolen som Stortinget hadde oppretta i 1967. Etter ønskje frå Østerud vart fagområdet frå 1985 kalla internasjonale konfliktstudium.[4]
Frå 1998 til 2003 leidde Østerud makt- og demokratiutgreiinga).[5] Detta var eit stort tverrfagleg samfunnsvitskapleg forskingsprogram med eit budsjett på 50 millionar kr. Hovudkonklusjonen til utgreiinga var at demokratiet var i ferd med å forvitra, i og med at makt hadde vorte overførd frå folkevalde organ som stod til ansvar for borgarane i val, til ikkje-folkevalde organ og rettsvesen, ved at innbyggjarane var tildelt individuelle rettar.
Han har skrive to innføringsbøker i statsvitskap som er det første møtet til dei fleste norske studentar med faget (Statsvitskap: innføring i politisk analyse og Invitasjon til statsvitskap). Dessutan har han vore redaktør for Statsvitenskapelig leksikon, som gjev eit oversyn over terminologien til faget.
Han har vore ein av sju redaksjonsmedlemmar i Nytt Norsk Tidsskrift. Øyvind Østerud var styreleiar ved Institutt for fredsforsking (PRIO) 2003–2006. Han har vore medlem av redaksjonsrådet for Journal of Peace Research. Sidan 1983 har han vore rådgjevar for Den Norske Nobelkomite. Han vart vald inn i Det Norske Videnskaps-Akademi i 1995 og var visepreses for akademiet og deretter preses i perioden 2008–2011.
Bibliografi
endre- Hva er krig? i Universitetsforlaget serie Hva er, 2009 ISBN 9788215014036
- med Janne Haaland Matlary (red.): Denationalisation of defence: convergence and diversity, Ashgate 2007 ISBN 9780754671190
- (red.): Norway in transition: transforming a stable democracy, 2007 ISBN 0415378214
- med Fredrik Engelstad og Per Selle: Makten og demokratiet, 2003
- (red.) (1997). Statsvitenskapelig leksikon. Universitetsforlaget. ISBN 8200229246. Nyeste utgave 2007
- Globaliseringen og nasjonalstaten. Ad notam Gyldendal. 1999. ISBN 8241709900.
- Statsvitenskap: innføring i politisk analyse. Universitetsforlaget. 1996. ISBN 8200225372. 5. utgave 2014
- Invitasjon til statsvitenskap. Universitetsforlaget. 1996. ISBN 8200228282.
- Statsvitenskap: innføring i politisk analyse. Universitetsforlaget. 1996. ISBN 8200228274.
- Brennpunkt Bosnia: Vesten og den tredje balkanske krig. Gyldendal. 1995. ISBN 8205237816.
- Hva er nasjonalisme?. Universitetsforlaget. 1994. ISBN 8200024881.
- Det moderne statssystem og andre politisk-historiske studier. Gyldendal. 1987. ISBN 8205173303.
- Intervensjon som stormaktspolitikk. Universitetsforlaget. 1986. ISBN 8200074668.
- Studies of War and Peace Oxford University Press 1986
- Nasjonenes selvbestemmelsesrett: søkelys på en politisk doktrine. Universitetsforlaget. 1984. ISBN 8200071855.
- Utviklingsteori og historisk endring. Gyldendal. 1978. ISBN 8205112460.
- Agrarian structure and peasant politics in Scandinavia: a comparative study of rural response to economic change. Universitetsforlaget. 1978. ISBN 8200017028.
- Samfunnsplanlegging og politisk system: en analyse av offentlig planlegging som politikk og ideologi. Gyldendal. 1972. ISBN 8205050856.
Referansar
endre- ↑ uio.no Personside på Universitetet i Oslo
- ↑ Øyvind Østerud Konflikt og administrasjon: en studie i norsk kraftutbygging Magistergradsoppgave i statsvitenskap. Universitetet i Oslo 1970.
- ↑ Øyvind Østerud Agrarian structure and peasant politics in Scandinavia: a comparative study of rural response to economic change. London, 1974 Avhandling (doktorgrad). London School of Economics, 1974
- ↑ Eva Fetscher (2013), The Peace Prophet and the Iconoclast. The Chair in Conflict and Peace Research at the University of Oslo, 1963–1985. Ph.d.-avhandling, Universitetet i Oslo
- ↑ NOU 2003:19 Makt og demokrati - Forskergruppens sammensetning
Bakgrunnsstoff
endre- Publikasjonar av Øyvind Østerud i forskingsdokumentasjonssystemet Cristin
- Publikasjonar av Øyvind Østerud i BIBSYS
- Presentasjon ved UiO.no
- Bibliografi 1964-2014 utarbeidd av Bredo Berntsen og Ragnhild Sundsbak
- Sluttrapport fra Makt- demokratiutredningen (nedlastbar som pdf)