Øyvind Tveter (fødd 28. mars 1954) er ein norsk tidlegare idrettsutøvar frå Sandefjord. Han var aktiv i skeisesport og sykling. Tveter var medlem i Idrettsforeningen Fram.

Øyvind Tveter
Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. mars 1954 (70 år)
Larvik
Idrett lengdeløp på skeiser, sykkelsport
Tok del i Vinter-OL 1980

Tveter deltok i tida 1975 til 1991 i 15 noregsmeisterskap i firkamp på skeiser. Han vart andremann ved noregsmeisterskapen 1980, og nummer tre i åra 1981, 1982 og 1985. Åra 1979-85 representerte han Noreg i fem europameisterskap, med ein sjuandeplass i 1981 som fremste plassering. Under dei olympiske vinterleikane 1980 i Lake Placid vart han femtemann på så vel 5 000 meter som i milløpet. Tveter deltok i verdsmeisterskapane 1980-82, med sjetteplassen i 1980 som beste prestasjon.

Øyvind Tveter er yngre bror til Bjørn Tveter. Motsett broren var han best på dei lange distansane.

Kjelder

endre