Bjørn Tveter

norsk skeiseløpar

Bjørn Tveter (fødd 13. juni 1944) er ein norsk tidlegare idrettsutøvar frå Sandefjord. Han var aktiv i skeisesport og sykling.

Bjørn Tveter


Bjørn Tveter i 1968

Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. juni 1944 (80 år)
Sandefjord
Idrett lengdeløp på skeiser
Tok del i Vinter-OL 1972, Vinter-OL 1968, Skeise-VM 1968 for menn, Skeise-VM 1970 for menn, Skeise-VM 1972 for menn, Skeise-VM 1972 i sprint-firkamp, Europameisterskapen på skeiser 1966, Europameisterskapen på skeiser 1967, EM på skøyter 1970, menn
Bjørn Tveter i 1970.

Tveter utmerka seg særleg som skeiseløpar, der han hadde sin styrke på dei korte distansane. Han fekk sjeldan delta i dei store internasjonale meisterskapane i firkamp, og nådde sjeldan opp i slike tevlingar. Sjuandeplassen i verdsmeisterskapen 1968 var hans fremste prestasjon, før han deltok i proff-meisterskap. Tveter representerte Noreg i Vinter-OL 1968 og Vinter-OL 1972, begge gongane på 1500 meter. I Grenoble gjekk han inn til femteplass på distansen, fire år seinare i Sapporo vart han fjerdemann. Vinteren 1974 vart han proff-europameister i firkamp.

Tveter, som er eldre bror til Øyvind Tveter, var etter tur medlem i Sandefjord Skøiteklub, Tønsberg Turn og Idrettsforeningen Fram, sam Tønsberg CK.

Kjelder

endre