Þórarinn B. Þorláksson

Þórarinn Benedikt Þorláksson (14. februar 186710. juli 1924) var ein islandsk målar, den fyrste islendingen som studerte målarkunst i utlandet. Han var også den fyrste målaren som fekk offentleg stønad. Ved sidan av Ásgrímur Jónsson, Jóhannes Kjarval og Jón Stefánsson vert han rekna som pionerane i islandsk målarkunst. Þórarinn måla i hovudsak landskapsbilete.

Þórarinn B. Þorláksson
Fødd 14. februar 1867
Undirfell
Død

10. juli 1924
Laugardalur

Yrke kunstmålar
Tingvellir, 1900
Foss, 1909

Þórarinn var nest eldst i ein syskenflokk på 14. Faren, som var prest i Undirfelli í Vatnsdal, døydde då Þórarinn var fem år gammal. Þórarinn lærde å binde bøker og leia ei tid arbeidet på ein verkstad som dreiv med bokbinding. År 1900 fekk han stønad frå Alltinget for å studere kunst i Danmark. Våren 1905 vart han den fyrste islendingen som vart uteksaminert frå kunstakademiet i København. Då han kom tilbake til heimlandet reiste han rundt på Island og måla ulike landskapsmotiv. Seinare stilte han ut verka síne i Glasgow, den fyrste eigenlege måleriutsillinga av ein islandsk kunstnar.

Frå 1916 til -22 var Þórarinn styrar for den nyskipa tekniske skulen i Reykjavik, der han underviste i teikning. Samstundes dreiv han ein bokhandel og gav ut ei avis.

Þórarinn døydde av eit hjarteåtak på sommarbustaden sín ved Laugarvatn.

KjelderEndra