Reykjavík
Reykjavík er hovudstaden og den største byen på Island. Byen ligg på halvøya Seltjarnarnes inst i Faxaflói, i golde omgjevnader med utsyn til fjella kringom. Byen er økonomisk og kulturelt senter i landet.
Reykjavík | |||||
---|---|---|---|---|---|
![]() | |||||
| |||||
Styresmakter | |||||
Land | Island | ||||
Borgarmeister | Dagur B. Eggertsson ![]() | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By - Storbyområde |
274,5 km² 777 km² | ||||
Innbyggjarar - By (1. januar 2023) - folketettleik - Storbyområde |
139 875 436,5/km² 201 847 | ||||
Koordinatar | Koordinatar: | ||||
Tidssone | GMT (UTC+0) | ||||
Plassering | |||||
![]() |
Midt i Reykjavík ligg den vesle sjøen Tjörnin som bruker å vera delvis isfri vinterstid grunna det varme vatnet. I det nordvestre hjørnet ligg rådhuset i byen som vart reist 1992. I nærområdet ligg Alþingi som vart bygd i 1881 og domkyrkja frå 1800-talet. Busetnaden er tidvis usamanhengande og utgjer for det meste småhus i tillegg til blokker, som oftast er bygde i betong. Dei fleste husa vert varma opp med varmt vatn frå varme kjelder. På ei høgd sørvest for sentrum ligg Hallgrímskirkja, den største kyrkja på Island. Like føre kyrkja er det eit monument av Leiv Eiriksson som er ei gåve frå USA.
Folkesetnad Endra
Folketalet i Reykjavík i 2012 var 118 814 (58 839 menn og 59 875 kvinner). 203 594 menneske bur i hovudstaden med forstadene (Höfuðborgarsvæðið). I området kring byen ligg desse kommunane:
- Álftanes: 2 419
- Garðabær: 11 283
- Hafnarfjörður: 26 486
- Kópavogur: 31 205
- Mosfellsbær: 8 854
- Seltjarnarnes: 4 313
- Kjósarhreppur: 220
Historiske folketal:
- 1801 - 600
- 1860 - 1 450
- 1901 - 6 321
- 1910 - 11 449
- 1920 - 17 450
- 1930 - 28 052
- 1940 - 38 308
- 1950 - 55 980
- 1960 - 72 407
- 1970 - 81 693
- 1980 - 83 766
- 1985 - 89 868
- 1990 - 97 569
- 1995 - 104 258
- 2003 - 113 387
- 2007 - 117 721
Kjelder Endra
- «Reykjavík» i Store norske leksikon, snl.no.