Þjóðhátíð
Þjóðhátíð (uttalt θjɒðˈhaʊtiːð, omsett 'nasjonalfestivalen') er ein årleg utandørsfestival som blir halden på Vestmannaeyjar på Island i helga før den første månaden i august. Festivalen blir halden i Herjólfsdalur på Heimaey av lokale og vitjande over fire dagar. Han omfattar ulike hendingar, som konsertar, bålbrenning, fyrverkeri og allsong.
Den første gongen ein heldt festivalen var i 1874 då øybuarane blei stoppa av uvêr frå å dra til fastlandet for å feira tusenårsjubileet for den norrøne busetjinga av Island. I dag er Þjóðhátíð den største festivalen på Island med rundt 16 deltakarar - eit fleirtal av dei vitjande frå fastlandet.[1]
Kjelder
endre- ↑ History of Þjóðhátíð í Eyjum, dalurinn.is. Vitja 8. april 2016.
- Denne artikkelen bygger på «Þjóðhátíð» frå Wikipedia på engelsk, den 8. april 2016.