Helg (norrønt helgr) er eit eldre norsk ord avleidd av 'heilag'. Det viser til ein heilagdag eller fleire fridagar på rad. Sidan det blei vanleg med laurdagsfri på 1960-talet har bruken gått over til å særleg visa til den delen av veka der ein har langfri.

Søndag og helg i Automat Kaféen i København om lag 1900.

I land med kristne tradisjonar er det fredagskvelden, laurdag og sundag som utgjer helga. I muslimske land har ein gjerne fri fredag og laurdag eller, særleg tidlegare, torsdag og fredag.[1] I det jødiske landet Israel varer helga offisielt halve fredagen og laurdagen, som er omfatta av sjabbát.[2]

I helga er det vanleg med helgefred gjennom at det offentlege styrer arbeidsliv og næringsaktivitet i helgene. Til dømes må ein gje lønstillegg for at nokon skal arbeida på denne tida, eller ved at butikkar må halda stengd eller ha redusert opning. Helga er også prega av fritid som kan brukast til fest, turar og å gå i kyrkje, moské, synagoge og liknande.

Sjå og

endre

Kjelder

endre
  1. Saudi Arabia switches start of weekend from Thursday to Friday, BBC News (24 June 2013)
  2. Israel Debates Two-Day Weekends, and Its Lifestyle, nyttimes.com (July 6, 2011 )
  Denne samfunnsartikkelen som har med religion å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.