Świętochłowice
Świętochłowice Høyr, tysk Schwientochlowitz, er ein by som ligg sør i Polen. Byen har 50 600 innbyggjarar (2016), og han har den største folketettleiken i landet med om lag 4 200 innbyggjarar per km². Świętochłowice ligg ved elva Rawa i Schlesiske voivodskap.
Świętochłowice | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Styresmakter | |||||
Land Voivodskap |
Polen Schlesiske (Śląskie) | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd | 13,31 km² | ||||
Innbyggjarar - By (31. mars 2021; 2023) |
46 494,[1] 45 644 | ||||
Høgd over havet | 314 m | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
UTC+01:00, UTC+2 (UTC) UTC+2 (UTC) | ||||
Diverse anna | |||||
Heimeside: http://www.swietochlowice.pl/ | |||||
Nettstad: www.swietochlowice.pl |
Historie
endreŚwiętochłowice er nemnd første gongen i 1313. Byen fekk Magdeburg-rettar i løpet av overgangen mellom 1200- og 1300-talet. Staden var ganske ubetydeleg fram til industrialiseringa i Øvre Schlesien tok til på slutten av 1700-talet. I 1920 avstod Tyskland byen til Polen, sjølv om den lokale folkeavstemminga hadde gjeve eit fleirtal på 51,9 % for å bli verande i Tyskland. I 1939 blei byen reannektert av Tyskland og i 1945 igjen av Polen.
Under andre verdskrigen dreiv tyskarane konsentrasjonsleiren KZ Eintrachthütte i Świętochłowice. I 1945 blei han omgjort til arbeidsleiren Zgoda for tyske sivile og polske antikommunistar. Leiren stengde i 1945.
I 2004 opna Det schlesiske kultursenteret (Centrum Kultury Śląskiej) i byen.
Bydelar
endre- Centrum
- Zgoda
- Chropaczów
- Lipiny
- Piaśniki
Galleri
endre-
Frå stålverket i Świętochłowice.
-
Arbeidarhus frå 1800-talet.
-
Det schlesiske kultursenteret.
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Świętochłowice» frå Wikipedia på bokmål, og «Świętochłowice» frå Wikipedia på engelsk den 11. september 2010.
- ↑ 1,0 1,1 https://bdl.stat.gov.pl/api/v1/data/localities/by-unit/012414876011-0943724?var-id=1639616&format=jsonapi; vitjingsdato: 6. oktober 2022; filformat: JSON.