Rawa i Polen

elv i Polen

Rawa (eldre namn Roździanka) er ei mindre elv med ei lengd på 19,6 km i Schlesen i Polen. Ho er den største sideelva til Brynica frå høgre, som igjen er ei sideelv til Przemsza, som igjen er ei sideelv til Wisła. Ho har utspringet sitt i Ruda Śląska og renn gjennom byane Świętochłowice, Chorzów og Katowice. Til slutt møter ho Brynica i Sosnowiec berre nokre hundre meter før denne renn saman med Czarna Przemsza.

Rawa
elv
Rawa renn gjennom Katowice
Land  Polen
Nedslagsfelt 89,8 km²
Lengd 19,6 km
Kjelde Ruda Śląska
Munning Brynica, Sosnowiec
Kart
Rawa i Polen
50°15′51″N 19°07′44″E / 50.264111111111°N 19.129°E / 50.264111111111; 19.129
Wikimedia Commons: Rawa River
Rawa i Katowice

Det meste av Rawa er kanalisert og ho fungerer hovudsakleg som ein undergrunns kloakkleidning. Ein har byrja på eit arbeid med å føre elva tilbake til den opphavlege forma si.[1]

Historie endre

Elva vart først nemnd i skriftlege kjelder i 1737 som Róździanka - frå ein gammal landsby kalla Roździeń, som i dag er ein del av bydelen Szopienice i Katowice.

Det vart lagt planar om å kontrollere elva seint på 1800-talet, men starten av den første verdskrigen utsette dei tyske styresmaktene sine planar. Etter krigen vart tyskarane sine planar utført av Den andre polske republikken seint i 1920-åra og ein bygde eit kloakkhandsaminsanlegg. Elva vart vidare regulert frå seint i 1970-åra til tidleg i 1990-åra. Hovudårsaka til reguleringa var faren for flaum på grunn av gruvedrift under området som gjorde at bakkenivået sokk.

Elva er kjend for vere særs forureina. I 1875 skal elva ha vore krystallklår men industrialiseringa av Schlesen førte til så mykje forureining at all fisk hadde forsvunne i 1893. Industri- og byveksten heldt fram utover 1900-talet og dette kombinert med lite tankar om miljøet førte til enno dårlegare vasskvalitet. I 1992 vart det hevda at då elva rann ut frå Katowice inneheldt ho berre 14 % vatn [2]. I dag vert den øvre delen av elva rekna som eit kloakksystem og det er planar om å føre heile elva gjennom eit vassreinseanlegg.[3] I 1990-åra vart det lagt planar om å betre vasstilhøva og gjenopprette økologien i elva. Så langt er det bygd nye reinseanlegg og det er venta at vatnet skal ha vorte kraftig betra i 2010.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Rawa i Polen

Kjelder endre