Schlesiske voivodskap
Schlesiske voivodskap Województwo śląskie | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Land: | Polen | ||||
Hovudstad: | Katowice | ||||
Fylke: | 19 byar og 17 landfylke | ||||
Gmina: | 167 | ||||
Folketal: | 4 676 983 (2006) | ||||
Areal: | 12 334 km² | ||||
Folketettleik: | 379 /km² | ||||
Heimeside: | www.silesia-region.pl |
Schlesiske voivodskap (polsk Województwo śląskie eller berre Śląskie) er ein av 16 voivodskap i Polen. Det ligg sør i Polen rundt regionen Øvre Schlesien (Górny Śląsk). Hovudbyen er Katowice.
Voivodskapet vart oppretta 1. januar 1999 av dei tidlegare voivodskapa Katowice, Częstochowa og Bielsko-Biała.
GeografiEndra
Schlesiske voivodskap grensar til både Tsjekkia og Slovakia i sør. Av andre polske voivodskap grensar det til Opole i vest, Łódź i nord, Święty Krzyż i nordaust og Veslepolen i aust.
Regionen inneheld Det schlesiske høglandet (Wyżyna Śląska) i sentrale og nordvestlege område, og Krakowsko-Częstochowska-høglandet (Jura Krakowsko-Częstochowska) i nordaust. I sør går grensa langs Beskidane (Beskid Śląski og Beskid Żywiecki).
Det er sterke band mellom Øvre Schelsien og regionane som no ligg i Opole og Nederschlesiske voivodskap som går tilbake til mellomalderen og Hertugdømet Schlesien (Księstwo Śląskie). Dette vart på 1200-talet delt i Øvre og Nedre Schlesien. Halvparten av dagens Schlesiske voivodskap er derimot ikkje ein del av det historiske Schlesien. Byar som Częstochowa, Zawiercie, Myszków, Jaworzno, Sosnowiec, Żywiec, Dąbrowa Górnicza og Będzin og det omliggande landet rundt desse høyrte opphavleg til Veslepolen.
Byar og landsbyarEndra
Schlesiske voivodskap er industrielt og urbant og har mange byar og større landsbyar. Av dei 40 største byane i Polen ligg 12 i Schlesiske voivodskap. Alt i alt er det 71 byar og landsbyar. Folketala under er frå 2006 [1]):
1. Katowice (315 996) |
25. Knurów (39 823) |
49. Wojkowice (9 434) |
Administrativ inndelingEndra
Schlesiske voivodskap er delt inn i 36 fylke (powiat). Av deses er 19 byfylke (langt fleire enn andre voivodskap) og 17 landfylke. Desse er igjen delt inn i 167 kommunar (gmina).
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Silesian Voivodeship» frå Wikipedia på engelsk, den 23. mai 2008.