Žut (italiensk Zut) er ei øy i Adriahavet. Øya tilhøyrer Kroatia og har eit areal på 14,83 km². Den høgaste toppen, Dubavac, når 155 moh. Žut er ikkje folkesett. Ho ligg mellom øyane Pašman og Kornat i skjergarden ved Šibenik. Ho er den nest største øya blant Kornatane.

Žut
øy
Land  Kroatia
Del av Kornati
Areal 14,83 km²
Folketal 4 (2011)
Kart
Žut
43°52′00″N 15°19′00″E / 43.866666666667°N 15.316666666667°E / 43.866666666667; 15.316666666667
Wikimedia Commons: Žut
Utayn frå Žut

Geografi endre

Žut har ein rugla kyst med mange vikar, og dette gjev øya ei uvanleg lang kystlinje som går opp til 44 km. Nokre av dei større vikane er Podražanj, Papeše, Žešnja, Strunac, Hiljača, Sarušćica, Bizikovica, Pinizel og Bodovac.

Arkitektur og kulturarv endre

På øya finst ei småbåthamn og i september 2011 blei Kyrkja til den heilage krosen (Crkva Sv. Križ) innvigd på fjellet Grba. Bygginga av kyrkja blei påbyrja før andre verdskrigen.

Kjelder endre