Kornati
Kornati er ei øygruppe i Adriahavet ved kysten av Kroatia, utanfor Dalmatia og sør for Zadar. Med 150 øyar over eit havareal på om lag 320 km² er Kornati den tettaste øygruppa i Middelhavet (Skračiċ, 2003).
Kornati | |
---|---|
Kornatiøyane | |
Geografi | |
Stad | Adriahavet |
Koordinatar |
|
Tal på øyar | 150 |
Store øyar | Kornat
|
Administrasjon | |
Land | Kroatia |
Fylke | Šibenik-Knin
|
Demografi | |
Folketal | Ikkje busett
|
Den sørlege delen av øygruppa, kalla Donji Kurnat (Nedre Kurnat), vart erklært nasjonalpark i 1980.
Kornat, med eit areal på 32,53 km², er den største av øyane, og utgjer to tredjedelar av landarealet i parken. Sjølv om øya er 25,2 km lang, er ho ikkje meir enn om lag 2,5 km på det breiaste.
Det er ingen permanente busetnadar på Kornati. Det er likevel ført opp enkle hus i godt verna viker som Vruje, Kravjačica, Lavsa og andre, som vert brukt av landeigarane som ly. Dei fleste landeigarane kjem frå øya Murter.
Kjelder
endre- Skračiċ, Vladimir (2003). Kornat Islands. Zadar: Forum. ISBN 953-179-600-9.
Bakgrunnsstoff
endre Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kornati
- Kornati nasjonalpark på croatia.aventin.hr Arkivert 2010-12-11 ved Wayback Machine.
- Kornati nasjonalpark på kornati.hr
- Biletgalleri Arkivert 2009-07-10 ved Wayback Machine.