Žuvintas
Žuvintas er ein grunn innsjø i Alytus kommune sentralt i Litauen. Han har eit areal på 9,65 km² og er den grunnaste innsjøen i Litauen. Det største djupet er berre 3 meter og i snitt 0,6 meter. Innsjøen er full av vadefuglar, men står i fare for å gro igjen til ei myr.
Žuvintas | |||
innsjø | |||
Land | Litauen | ||
---|---|---|---|
Utløp | Dovinė | ||
Areal | 9,65 km² | ||
Middeldjupn | 0,6 m | ||
Største djupn | 3 m | ||
Žuvintas 54°28′15″N 23°37′43″E / 54.470833333333°N 23.628611111111°E | |||
Wikimedia Commons: Žuvintas Lake |
Naturreservat
endreInnsjøen er eit strengt verna reservat. Det vart det første naturreservatet i Litauen, oppretta av ornitologiprofessoren Tadas Ivanauskas (1882-1970) i 1937. Žuvintas vart ein del av Ramsarkonvensjonen si liste over særleg viktige våtmarksområde.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lake Žuvintas» frå Wikipedia på engelsk, den 23. januar 2008.