Det kyrilliske alfabetet
А Б В Г Ґ Д Ђ
Ѓ Е Ё Є Ж Ѕ З
И І Ї Й Ј К Л
Љ М Н Њ О П Р
С Т Ћ Ќ У Ў Ф
Х Ц Ч Џ Ш Щ Ъ
  Ы Ь Э Ю Я  
Utgåtte teikn
Ҁ Ѹ Ѡ Ѿ Ѻ Ѣ ІА
Ѥ Ѧ Ѫ Ѩ Ѭ Ѯ Ѱ
    Ѳ Ѵ Ѷ    

Ґ er ein kyrillisk bokstav som vert uttala som G i «gut». Han er den femte bokstaven i det ukrainske alfabetet og i belarusisk klassisk ortografi.[1]

Bokstaven var brukt i eldre ukrainsk og belarusisk ortografi, men under Sovjetunionen vart han erstatta med Г.

I ukrainsk heldt diasporaen (spreidde folkegrupper) fram med å bruke han, og han har vorte gjeninnført i alfabetet etter at Ukraina fekk sjølvstende. Bokstaven har òg vorte føreslått gjeninnført i belarusisk, men det har til no ikkje hendt.

Kjelder

endre
  1. Bosoni, Jørgen G. (27. januar 2023). «Ґ – kyrillisk bokstav». Store norske leksikon (på norsk).