Haredisk jødedom

(Omdirigert frå Ḥaredisk jødedom)

Haredisk jødedom eller ultraortodoks jødedom er ei fløy av ortodoks jødedom som har eit fundamentalistisk syn på den religiøse tradisjonen og som oftast er sterke motstandarar av sekularisme og i større eller mindre grad andre sider ved det moderne vestlege samfunnet. Blant ḥarediske jødar finst det eit relativt vidt politisk spenn — til dømes er mange ḥarediske grupper sterkt sionistiske, medan andre grupper (som t.d. Neturei karta) er erklærte motstandarar av staten Israel. Hovudtendensen, politisk sett, er at ḥaredím sympatiserer med høgresida i generelle politiske spørsmål.

Haredisk ungdom i Jerusalem.
Spire Denne jødedomsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.